4/15/2012

Coverage of the exhibition in Hallingdølen



























Tekst og foto: Tor Folgerø. Modellfoto: a-g-e-s
Velkommen til det nye Bygde-Norge 
Arkitektane Britt Sørlie og Mathias Harang har konstruert eit monster av ein bygning - ei høgblokk som kan romme ei heil bygd. Bygdebygningen er likevel eit hyggeleg monster, meiner arkitektane. Bygget er energiøkonomisk og berekraftig, og gjev bygda ein off entleg møteplass med urbane kvalitetar.
I påska var arkitektane på plass på på Geilo for å vise fram ein modell av megastrukturen. Utstillinga er å sjå på Turistsenteret ut april.

Småby i éin bygning
Bygdebygningen gjev plass til kring 5.000 innbyggjarar. I tillegg har bygningen alle funksjonar som vanlegvis er samla i ein tettstad.
– Ein kan sjå på Bygdebygningen som ein stor bygning som gjev plass til ein liten by. Det er såleis ikkje berre ein bygning, men ei rekonfi gurering av eit samfunn. Alle tettstadfunksjonar er samla i éin megastruktur. Her kan folk bu, arbeide, og ha fritida si, seier Sørlie.
Ho arbeider med ein doktorgrad om Bygdebygningen ved Fakultet for arkitektur og biletkunst ved NTNU i Trondheim. Bygningen var i haust utgangspunkt for eit studentkurs på Geilo.


Høgare enn Postgirobygget
Strukturen har ei grunnfl ate på 150 X 140 meter – om lag på storleik med Bislett stadion. Bygget er 145 meter høgt. Til samanlikning er Postgirobyg-get 111 meter høgt.
Me snakkar altså om ein bygning som vil vise att i det norske bygdelandskapet.
Butikkar, servicebedrifter og off entlege kontor er samla på grunnplan kring eit off entleg torg. Ein off entleg veg snor seg som ein spiral frå grunn-planet og opp til toppen. Vegen bind saman dei ulike funksjonane.
Oppover i etasjane er det bustadfelt. Det øvste nivået er sett av til hytter og fritidsbustader.
– Det er som eit dalføre som er skrudd saman i éin kompakt bygning, seier Sørlie.

Vil snu fl yttestraumen
Kvart år fl yttar kring 5.000 menneske til Oslo, der det er eit sterkt press på bustadmarknaden. Samstundes fører fl yttestraumen til at landsbygda over tid blir avfolka.
– Bygdebygningen er eit svar på denne utfordringa. Ved å sentralisere i distrikta kan me desentralisere nasjonalt, seier Sørlie.

Frigjer areal til urørt natur
Norge er likevel eit av dei minst folke-tette landa i verda.
– Kva er poenget med å byggje høgblokker i dette grisgrendte landet. Ein skulle tru at det var nok av plass til alle som ønskjer ei bustadtomt?
– Jo, men kanskje er det betre å bu tett? Eg har vore på Geilo i tre dagar no og opplever at fjellandsbyen er ein ganske tvilsam stad å reise til, viss du ønskjer tilgang på urørt natur. Du får ikkje utsikt viss du berre ser rett inn i veggen til naboen. Ved å byggje tett, kan me frigjere areal til natur- og kulturlandskap, seier Mathias Harang.
Ifølgje Sørlie, er reaksjonane frå publikum at dei synest det er inter-essant og spennande. Mange synest prosjektet har gode løysingar når det gjeld arealbruk og miljø.
– Men det er eit kraftig brot med tradisjonell norsk tettstadutvikling. Du er ikkje redd for at det berre blir ein utopi?
– Nei, eg trur dette tvingar seg fram i ei eller anna form. Busetnadsmønsteret me har her i landet er ikkje bere-kraftig og er nøydd til å fornyast, seier Harang.
Bygdebygningen er tenkt som ei ramme som gjer det mogleg å vidareføre tradisjonell byggjeskikk i ein ny struktur. Det er ikkje meininga at bygget skal ha ein einskapleg arkitektur, men setjast saman av bustadfelt med individuelle særpreg.

Vil ikkje ha det som nabo
Harald Auve er ein av dei som er innom og studerer modellen.
– Kunne du tenkje deg å bu i ei slik blokk?
– Eg ser heilt klart fordelar med å bu tett på naboane. Eg trur det er både ei sosial og ei buform som er økonomisk rasjonell. Men eg er usikker på om eg ville hatt noko slikt i nabolaget. Eg trur kanskje ikkje det er realistisk at det kjem opp noko slikt på Haugastøl i mi levetid, smiler han.

No comments:

Post a Comment